Folkehelsedugnad - ikkje gløym oss naturmedisinarar, Jonas Gahr Støre! | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 Alt.med. og marknadsføring

 Cambrella 2012

 Folkehelsedugnad

 Helseministeren om alt.beh.

 NNH godkjent av SHdir

 Om legemiddelforbruk

 Revisjonsmodne forskrifter

 Statsbudsjettet 2009

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

02.05.2013
Folkehelsedugnad - ikkje gløym oss naturmedisinarar, Jonas Gahr Støre!

    
Pressemelding mai 2013


Regjeringa med helse– og omsorgsminister Jonas Gahr Støre i spissen inviterer til folkehelsedugnad. Innhaldet i denne dugnaden er det få som kan vera usamde i: fokus på betre kosthald og fysisk aktivitet m.m. Det skal skapast eit medvit om måla i alle sektorar av samfunnet. Med andre ord ein felles dugnad som ikkje berre gjer oss til passive brukarar av helsetenester, men også til borgarar som tek kvalifiserte val når det gjeld førebyggjing av sjukdom.
 
På vegne av alle våre medlemmer, melder Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) seg på denne dugnaden og gjev samstundes honnør til initiativet. Våre medlemmer har lang erfaring og kompetanse med det som er hovudfokuset i Stortingsmelding 34 – Folkehelsemeldingen. God helse – felles ansvar. Den naturmedisinske vinklinga på sjukdom og helse, vil vera eit verdifullt innslag som supplement til det offentlege helsevesenet. Mange av dei tiltaka som helsestyresmaktene nå fremjar, har heile tida vore ein integrert del av behandlingskonteksta hjå oss naturmedisinarar. Økologisk tenking er grunnfundamentet for både å forstå sjukdom og utarbeiding av ein behandlingsstrategi der samanheng/samspel mellom ytre og indre faktorar er sentrale – både fysiske, psykiske, mentale og sosiale. Og ikkje minst motivasjonsarbeid. Kvar dag blir det gjennomført fleire tusen konsultasjonar og behandlingar hjå naturmedisinarar og alternative terapeutar. NNH trur både forvaltning og politisk nivå ikkje heilt anar omfanget og verdien av dei helsefremjande tiltaka som kvar dag blir formidla i desse konsultasjonane.
 
I fylgje den siste undersøkjinga frå Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin (NAFKAM), har bruken av naturmedisin og alternativ behandling vore stabil dei siste fem åra. Om lag ein tredjedel av landets vaksne befolkning nyttar denne behandlingstradisjonen. Ein stor del av pasientgruppa er faktisk offentleg helsepersonell, noko som tilseier ei pragmatisk innstilling til verdien av å ha eit mangfald i det førebyggjande/terapeutiske feltet.
 
NNH har gjennom lang tid arbeida med kvalitetssikring og profesjonalisering for å styrkja pasienttryggleiken. Organisasjonen ser fram til vidare samarbeid med helsestyresmaktene om rammevilkår som byggjer opp under dette arbeidet.
 
Kontakt:
For ytterlegare kommentar, kontakt NNHs leiar John Petter Lindeland, 94890152/ jplindeland@gmail.com eller gen.sekr. Sigrun Kirkeberg, 95080190/ sk@nnh.no


Vedlegg:
Pressemelding: Folkehelsedugnad - ikkje gløym oss naturmedisinarar, Jonas Gahr Støre!


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers