Legemiddelforbruk og naturmedisin - tid for nytenking? | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 Alt.med. og marknadsføring

 Cambrella 2012

 Folkehelsedugnad

 Helseministeren om alt.beh.

 NNH godkjent av SHdir

 Om legemiddelforbruk

 Revisjonsmodne forskrifter

 Statsbudsjettet 2009

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

01.04.2013
Legemiddelforbruk og naturmedisin - tid for nytenking?

    
Pressemelding
Oslo mars 2013 



Apotekforeningen har på si web-side presentert ein artikkel om legemiddelforbruket i Norge i 2012. Artikkelen slår fast at det i nemnde år blei omsett legemidlar for 18,6 milliardar, ein auke på 3,3 % frå 2011. Reseptpliktige midlar forordna av legar utgjer 88,4 % av samla omsetning. Totalt omsette apoteka for 24,7 milliardar kroner i 2012, noko som tilsvarar kr. 3.654 pr. innbyggjar.
 
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) erkjenner at god helse er avhengig av mange faktorar. Sidan me alle er individuelle skapningar og responderer ulikt på ulike forhold, er det difor viktig å ha eit mangfald i det terapeutiske feltet. Livsviktige legemidlar i samband med alvorlege eller akutte sjukdomar er ein del av dette mangfaldet som alle burde vera glade for at me har tilgang til.
 
Når det gjeld kroniske sjukdomar av mindre alvorleg karakter, meiner NNH at både den einskilde og samfunnet som heilskap ville vera tent med å vurdera andre tiltak enn biokjemiske legemidlar. Det bør framover brukast langt større ressursar for å dokumentera effekten av ulike behandlingsmetodar ved same sjukdom/diagnose – her inkludert metodar innan den naturmedisinske tradisjonen som både omhandlar behandling og førebyggjande tiltak.
 
NNH er uroa av kva verknad eit slikt høgt legemiddelforbruk vil ha for den einskilde med omsyn til biverknadar/resistens og for miljøet. Det er etter kvart blitt meir merksemd kring legemidlar sitt omfang i sjø/drikkevatn og kva verknad dette har på menneske og anna liv.
 
Kontakt:
For ytterlegare kommentar, kontakt NNHs leiar John Petter Lindeland, 94890152/ jplindeland@gmail.com
 
------------
 
Se
Apotek og legemidler 2013 [Apotekforeningen]
det nærmeste man kommer en komplett oversikt over legemiddelforbruket i Norge i 2012.


Vedlegg:
Legemiddelforbruk og naturmedisin - tid for nytenking?


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers