NNH godkjent som organisasjon av Sosial- og helsedirektoratet | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 Alt.med. og marknadsføring

 Cambrella 2012

 Folkehelsedugnad

 Helseministeren om alt.beh.

 NNH godkjent av SHdir

 Om legemiddelforbruk

 Revisjonsmodne forskrifter

 Statsbudsjettet 2009

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

22.09.2008
NNH godkjent som organisasjon av Sosial- og helsedirektoratet

I samband med opprettinga av den frivillige registerordninga for utøvarar av alternativ behandling, er Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon godkjent som utøvarorganisasjon.


Forslaget til oppretting av dette registeret kom frå eit utvalg oppretta av Sosial- og helsedepartementet i april 1997. Dei leverte ein rapport - NOU 1998:21 Alternativ medisin - som seinare danna grunnlaget for både rettslege og utanomrettslege tiltak gjennom Ot.prp. nr. 27. Av rettslege tiltak blei det gjennom denne odelstingsproposisjonen bestemt at bl.a. kvakksalverloven skulle opphevast og erstattast av ein ny Lov om alternativ behandling og ei frivillig registerordning for utøvarar av alternativ behandling skulle etablerast.

Om føremålet for ordninga heiter det i registerforskrifta § 1: ”Registerordningen for utøvere av alternativ behandling skal bidra til økt ivaretakelse av pasientsikkerhet og forbrukerrettigheter for den som oppsøker en registrert behandler, samt bidra til seriøsitet og forretningsmessige ordnede forhold blant utøvere av alternativ behandling”.

Kravet til godkjente organisasjonar er bl.a. at dei har vedtekter som stillar faglege krav når det gjeld medlemskap, etisk regelverk, forretningsmessig forsvarleg verksemd, informasjonsplikt overfor brukarar, journalføring og forsvarleg oppbevaring av pasientopplysningar og klageorgan for pasientar. Godkjenninga stadfestar ikkje noko om effekt/kvalitet når det gjeld alternativ behandling eller den einskilde utøvar.

Ei godkjenning av NNH som organisasjon, inneber at kvart terapeutmedlem har registreringsrett i dei medlemsgrupper/terapiformer som Sosial- og helsedirektoratet har godkjent. For publikum/pasientar er det nå høve til å søkja opplysningar både om organisasjonar og terapeutar i Brønnøysundregistrene - Registeret for utøvarar av alternativ behandling. Ettersom NNH fekk si godkjenning 30. juni d.å., vil det ta litt tid før alle som ynskjer registrering er synlege og informasjon om organisasjonen er tilgjengeleg. Når dette er sluttført, er både organisasjonen, terapititlar/yrkestitlar og namn på utøvarar søkbare.

Oslo 21. juli 2006

John Petter Lindeland
Ledar NNH


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers