Lov og forskrifter knyta til naturmedisin og alternativ behandling er mogen for revisjon | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 Alt.med. og marknadsføring

 Cambrella 2012

 Folkehelsedugnad

 Helseministeren om alt.beh.

 NNH godkjent av SHdir

 Om legemiddelforbruk

 Revisjonsmodne forskrifter

 Statsbudsjettet 2009

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

05.07.2014
Lov og forskrifter knyta til naturmedisin og alternativ behandling er mogen for revisjon

    
Pressemelding
Oslo 2. juni 2014 



NNH støttar Forbrukarombudet sitt ynskje om revisjon av lover og forskrifter knyta til naturmedisin og alternativ behandling – jfr. pressemelding i samband med møte med Helseministeren. Dette bør gjerast ved å setja ned eit breitt samansett utval som blant anna bør koma med forslag om standard fagprofesjonalitet og organisasjonskompetanse knyta opp til Registeret for utøvarar av alternativ behandling.
 
Registeret for utøvarar av alternativ behandling fungerer ikkje etter dei intensjonane som både Helse- og omsorgsdepartementet/Stortinget i si tid la til grunn. Ordninga skulle blant anna bidra til auka fagprofesjonalitet og organisasjonskompetanse. Med innføring av fritak for meirverdiavgift knyta til registeret, er dette blitt den viktigaste motivasjonsfaktoren for mange organisasjonar som ynskjer registreringsrett for sine medlemmer. Resultatet er blitt ei endå større fragmentering av bransjen og ei svekking av dei organisasjonane som aktiv arbeidar for auka profesjonalisering og pasienttryggleik. Ettersom det i fylgje forskriftene er opp til organisasjonane å definera sine fagkrav, har Helsedirektoratet inga heimel til å vurdera kva som burde vera standard fagprofesjonalitet i ein slik samanheng. I dag blir derfor dei aller fleste organisasjonar som søkjer registreringsrett godkjende, uavhengig av fagkrav og organisasjonskompetanse. Motivasjonen for å ta lenger utdanning, er meir eller mindre borte fordi det ikkje gjev utslag med omsyn til meirverdiavgift eller fritak. Vinnarane i dette «spelet», blir dei organisasjonane som har lågast fagkrav og lågast kontingent. Overført til offentleg helsepolitikk/utdanning, ville ei slik ordning stilla kandidatane fritt med omsyn til utdanningsomfang, og i tillegg få dei same rettane og lønn. Slikt er ikkje bra for pasienttryggleiken og vil på sikt føra til ei svekking av kompetansenivået i organisasjonane.
 
For ytterlegare informasjon, ta kontakt med
leiar i NNH John Petter Lindeland
e-post leiar@nnh.no eller mob. 948 90 152 


Vedlegg:
Pressemelding som pdf - nynorsk og bokmål


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers