Om avgrensing av meirverdiavgiftsgrunnlaget for helsetenester | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 Om avgift på alkohol

 Om avgrensing av mva

 Om endring av legemiddelforskrifta

 Om fagskuleutdanning

 Om forskning og helse

 Om kommunalt pasientregister

 Om legemidler

 Om markedsføring

 Om nasjonal helseplan

 Om pasientsikkerhet

 Om reg.gebyr for homøopatiske midler

 Om studieplan ved HiÅ

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

13.09.2008
Om avgrensing av meirverdiavgiftsgrunnlaget for helsetenester

Finansdepartementet
Postboks 8008 Dep
0030 OSLO

1. okt. 2005

Høyring - forslag om endring av forskrift 15. juni 2001 nr. 682 om avgrensing av meirverdiavgiftsgrunnlaget for helsetenester
(Forskrift nr. 119)




Ein viser til brev datert 30.06.2005.

Slik Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) ser det, er det tre sentrale element i høyringsnotatet:

1. Meirverdiavgiftsunntak (m.v.a.) knytta opp til registrering i utøvarregisteret
2. Organisasjonsfridom
3. Meirverdiavgiftsunntak og autorisert helsepersonell

1. MEIRVERDIAVGIFTSGRUNNLAG KNYTTA OPP TIL REGISTRERING I UTØVARREGISTERET
NNH brukte store ressursar i samband med innføring av dei nye m.v.a.- forskriftene i 2001. Det vedtaket som då blei gjort, opplevde vi som lite gjennomtenkt, ulogisk og skapte ein uheldig konkurransevridning mellom ulike alternativmedisinske terapiformer og gav autorisert helsepersonell konkurranseforstrinn. NNH ser derfor med glede på at vi gjennom utøvarregisteret har fått eit redskap til å skapa fornuftige og logiske avgrensingar når det gjeld m.v.a - plikt eller ikkje.

2. ORGANISASJONSFRIDOM
NNH ser det prinsipielle i denne drøftinga, men innser at så lenge kvalitetssikring av dei alternativ- medisinske faga er tillagt organisasjonane og ikkje eit uhilda offentleg organ, er individuell registrering i utøvarregisteret ikkje å tilrå.

3. MERVERDIAVGIFTSUNNTAK OG AUTORISERT HELSEPERSONELL
Sitat frå notatet side 4: «Som tidligere nevnt innebærer ikke registreringen, i motsetning til helsepersonells autorisasjonsordning, en godkjenning på faglig grunnlag av den enkelte utøver eller av behandlingsformen».

På lik linje med det som blir skrive her, borgar heller ikkje ein offentleg autorisasjon innan ulike helsefag, at vedkomande har kompetanse i å utføra alternativ behandling. NNH meiner difor at også autorisert helsepersonell skal vera registret i utøvarregisteret for å få m.v.a - fritak. Vi går derfor inn for at forslaget i forskriftsendringa som er formulert i Alternativ 2 skal bli gjeldande.

NNH meiner at ein overgangsperiode på minimum 2 år bør vera tilstrekkeleg for dei som fortsett ynskjer å oppretthalda m.v.a. - fritak for dei terapiformene som i dag er direkte unntatt etter forskrifta - d.v.s. å søkja seg ei organisasjonstilknytning som tilfredstillar dei krava som ligg nedfelt i registerforskriftene.

Vi er glad for at det blir uttrykt vilje til at unntaket i nemnde forskrift også vil kunna omfatta fleire terapiformer enn det som er gjeldande i dag.

Med helsing
for Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon

John Petter Lindeland, Ledar NNH
Sigrun Kireberg, Gen. sekretær NNH


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers