Forslag til endring av legemiddelforskrifta - registreringsordningen for homøopatiske legemidler m.m. | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 Om avgift på alkohol

 Om avgrensing av mva

 Om endring av legemiddelforskrifta

 Om fagskuleutdanning

 Om forskning og helse

 Om kommunalt pasientregister

 Om legemidler

 Om markedsføring

 Om nasjonal helseplan

 Om pasientsikkerhet

 Om reg.gebyr for homøopatiske midler

 Om studieplan ved HiÅ

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

23.01.2017
Forslag til endring av legemiddelforskrifta - registreringsordningen for homøopatiske legemidler m.m.

Til
Helse- og omsorgsdepartementet 
 
Oslo 17. oktober 2016
 
Høyringsdokument - Forslag til endring av legemiddelforskrifta - registreringsordningen for homøopatiske legemidler m.m.



NNH ynskjer å takka departementet for å ha vist velvilje i høve dei innspela som har kome frå organisasjonen og fleire andre aktørar i samband med høyringa om Gebyr for registrering av homøopatiske legemidla. Vi viser i denne samanhengen til vårt høyringssvar datert 16. november 2015.
 
Merknadar:
  1. I dette høyringsnotatet har departementet ikkje endra dato når det gjeld frist for registrering – 12. januar 2017. Etter NNH si vurdering er dette ein altfor kort frist, og vi vil oppretthalda vårt tidlegar forslag om frist til 12. januar 2019.
    Årsak: Som departementet sjølv nemner i høyringsnotatet, har EØS land som Sverige, Tyskland, Nederland og Belgia berre registrert om lag 30 % av det som eksisterer på den norske marknaden. Andre produsentland, slik som t.d. Danmark, har dessutan hatt overgangsordningar som inneber at arbeidet med registrering ikkje er i samsvar 2001/83 – og vil difor måtte bruka lenger tid. I tillegg har me ein situasjon med forbod mot privatimport av desse midla. Innstillinga til den nedsette arbeidsgruppa når det gjeld privatimport veit me pr. dato lite om, og i tillegg vil nye forslag ta tid å implementera.

  2. Vi viser også til pkt. 2 i høyringssvaret frå 16. november 2015. Her nemner me ulike tiltak som kan stimulera omsetninga av slike legemiddel, og dermed skapa grunnlag for auka søknadsvilje hjå produsentane – og dermed også forbetra tilgjengelegheita generelt. NNH oppmodar departementet til å vurdera ei liberalisering når det gjeld slikt sal utanom apotek (LUA-ordninga) med løyve til medisinske påstandar som er akseptable og ikkje er til fare for pasienttryggleiken.

  3. Departementet har forslag om å redusera registreringsavgifta pr. middel (inkludert alle potensar/fortynningar) frå kr. 4.000 til kr. 1.000.
    Med det omsetningsomfanget som me har i Norge pr. dato, meiner NNH at ein burde gå ytterlegare ned i avgift. Om endringar/tiltak som nemnt i pkt. 2 blir gjennomført, kan NNH likevel akseptera det føreslåtte nivået.

  4. Departementet skriv på side 10: Etter hva departementet er kjent med er det meldt om svært få, hvis noen, bivirkninger ved bruk av homøopatiske legemidler. Det bes i så fall om høringsinstansenes begrunnelse for motsatt syn på saken.
NNH har ikkje nokon merknad til denne vurderinga. Det kan opplysast at NAFKAM held på med eit relevant forskingsprosjekt som er presentert på http://www.nifab.no/aktuelt/nifab/kan_homeopati_gi...
 
Med helsing
John Petter Lindeland
NNH-leiar 
 
Lidia Ivanova Myhre
Generalsekretær


Vedlegg:
Forslag til endring av legemiddelforskriftaegemidler m.m.


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers