Høyring - forslag til endringar i lov om fagskuleutdanning | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 Om avgift på alkohol

 Om avgrensing av mva

 Om endring av legemiddelforskrifta

 Om fagskuleutdanning

 Om forskning og helse

 Om kommunalt pasientregister

 Om legemidler

 Om markedsføring

 Om nasjonal helseplan

 Om pasientsikkerhet

 Om reg.gebyr for homøopatiske midler

 Om studieplan ved HiÅ

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

25.09.2008
Høyring - forslag til endringar i lov om fagskuleutdanning

Kunnskapsdepartementet
Postboks 8119 Dep
0032 OSLO

15. jan. 2007



INNLEDNING
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) har i sitt Utdanningsdokument og kvalitetsikringsprogram visjonar om ei fagutdanning på høgskulenivå. For at ein slik visjon kan realiserast, ser vi det som mest fornuftig at bransjen tek dei nødvendige stega mot dette målet ut ifrå ei realitetsorientering av situasjonen her og nå.

Vegen mot høgskulenivå vil bety at bransjen må driva ei kontinuerlig kvalitetsutvikling innan mange område som vi i dag har for liten kompetanse i. Dette gjeld spesielt pedagogisk fundert lærarkompetanse, forsking og administrative/lovrelaterte forhold. Sidan mennesket er den vikigste ressursen i ei slik målsetning, vil utviklingsarbeidet nødvendigvis ta tid og må mognast over fleire år gjennom målretta innsats.

Etter vår vurdering kan fagskulestrukturen fungera som ei mellomløysing mot eit høgare utdanningsnivå. Dei ulike undervisningsinstitusjonane vil her få høve til å koma inn under kvalitetsikra offentlege rutinar og pålegg som både vil styrkja utvikling av lærekrefter, administrative/lovrelaterte forhold, fagutvikling og skapa betre rettsforhold for studentane. Eit eventuelt samarbeid med ulike høgskuler om kompetansegodkjenning for vidare studier, kan også inngå i ein slik prosess - jfr. departementets merknader i Ot.prp.nr. 32 - 4.5 Forholdet til høyere utdanning og studiepoeng. Vi ser også for oss at undervisningsinstitusjonane med ei slik løysing kan få til ein meir forutsigbar økonomi som gjer det lettare å driva med utviklingsarbeide og kompetanseheving.

INNGANGSKOMPETANSE/UTVIDA TURNUS - PRAKSISÅR
Tidsrammen innanfor fagskulelovgjevinga er minimum eit halvt studieår og maksimum to studieår. Studiet skal byggja på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse, og vera ei avslutta og sjølvstendig utdanning utan vidare studier som ein nødvendig forutsetning for arbeid.

I NNH sitt Utdanningsdokument tek vi til orde for at ei yrkesretta naturterapeutisk utdanning bør vera samansatt av både det som er nemnt som generelle fag (rettslære, praksisrelaterte fag, forskingsmetodikk/vitenskapsteoriar, etikk og pedagogikk/psykologi), naturmedisinske grunnfag, grunnmedisinske fag og minimum to naturterapeutiske fag.

Innanfor tidsramma fastsett i fagskulelovgjevinga, kan eit slikt studieomfang bli for omfattande i forhold til einskilde terapifag. NNH ynskjer derfor ei oppmjuking av lov om forskrifter når det gjeld undervisningsinstitusjonane sin rett til sjølv å fastsetja krav til inngangskompetanse eller utvida turnus/praksisår utover den tidsramma som er nedfelt nå.

Dersom vi ikkje får til ein fleksibilitet omkring denne problematikken, vil store delar av utdanninga innan bransjen bli ståande i eit «vakum» mellom fagskule - og høgskulelovgjevinga. Det burde vera i alles interesse å få til ordningar som gjer at bransjen kan få høve til å utvikla seg innan meir ordna forhold enn det som skjer i dag. Vi har å gjera med ein ung fagtradisjon som utan tvil er komen for å bli. Bruken av våre tjenester er aukande i befolkninga, og omsynet til brukaren burde tilseia at styresmaktene skapar fleksible ordningar som tek utgangspunkt i den utviklingsfasen bransjen står inne i.

Det ville vera naturleg i denne samanhengen at departementet inviterte NNH i samarbeid med SABORG (sammenslutning av alternative behandlerorganisasjoner) for å drøfta dei spesielle behova bransjen har med omsyn til kvalitetsutvikling og kompetanseheving.

INSTITUSJONSGODKJENNING
NNH er samd i departementet sine forslag vedrørande meir fleksible godkjenningsordningar som også åpnar for institusjonsgodkjenning etter nærare utarbeida forskrifter. Med det fagspekteret som eksisterar innan alternativ behandling, vil slike ordningar spara ressursar og føra til mindre byråkrati.

SENSOSRARBEID
Nokre fagkretsar innan alternativ behandling har karakter av å vera pionerarbeid. I slike tilfelle vil læraren eller eit fåtall av lærarar vera dei einaste som har kompetanse i faget/fagkretsen. Sidan det er krav om at sensor skal vera uhilda med omsyn til undervisninsinstitusjonen, kan habilitetsspørsmål i slike tilfeller vera vanskelege. Ein ber difor departementet om at det blir utarbeida forskrift/reglar for korleis ein skal handtera slike problemstillingar.

SAMANDRAG

NNH ynskjer:
ei oppmjuking av lov og forskrifter når det gjeld undervisningsinstitusjonane sin rett til sjølv å fastsetja krav til inngangskompetanse eller utvida turnus/praksisår utover den tidsramma som er nedfelt nå.

at departementet utarbeider forskrift/reglar for sensorordningar i fag/fagkretsar om har karakter av å vera pionerarbeid.

at departementet inviterar til eit møte med NNH og SABORG for å drøfta dei spesielle behova bransjen har med omsyn til kvalitetsutvikling og kompetanseheving.

Med helsing
for Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon
John Petter Lindeland, Ledar NNH
Sigrun Kirbeberg, Gen. sekretær NNH



 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers