Internasjonalt arbeid | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 NRN

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

17.03.2016
Internasjonalt arbeid

    
Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) er medlem av fleire internasjonale organisasjonar og har også kontakt med ulike nasjonale naturmedisinske organisasjonar i mange land. Internasjonalt arbeid er ei prioritert oppgåve vi brukar mykje ressursar på. Gjennom eit slikt arbeid får vi nye impulsar som kan brukas i vår kvalitetsutvikling både når det gjeld organisasjon og fag. Vi har med andre ord høve til å bli påverka og samstundes vera premissleverandør av nye idear og kunnskap både når det gjeld politikkutvikling, lovregulering og ulike forhold knytta til vår yrkesutøving.


INTERNASJONALE OG NORDISKE ORGANISASJONAR

NSK - Nordisk SamarbeidsKomite for komplementær og alternativ medisin
Organisasjonen er eit samarbeid mellom ledande naturterapeutiske organisasjonar i Sverige, Finland, Danmark, Norge og Island. Desse møtes to gonger årleg. Hovudmålet er utvikling av utdanningstandarar , utveksling av informasjon om politikkutvikling i dei nordiske landa, stimulera til forsking og arbeida for auka aksept av naturterapien.
NSK er også corresponding member i ECHAMP (European Coalition on Homeopathic and Anthroposophic Medicinal Products) som arbeider for at både homøopatiske og antroposofiske medisinar blir tilgjengeleg for både terapeutar og pasientar i framtida. Arbeidet rettar seg spesielt mot ulike EU-direktiv.

Kontaktpersonar NNH:
Britt Mengkrogen britt@mengkrogen.no
John Petter Lindeland john.petter@notteroynaturmedisinske.no

------------

WFAS - World Federation of Acupuncture-Moxibustion Societies
http://www.wfas.org.cn/en/
Arbeider for å fremje tradisjonell kinesisk medisin (TCM), utvikling av utdanningstandarar, stimulerar til forsking og for auka aksept av TCM. Har samarbeid med World Health Organization (WHO). Sekretariatet ligg i Beijing. NNH har i fleire år delteke på den årlege kongressen arrangert av WFAS.

ETCMA - European Traditional Chinese Medicine Association
http://www.etcma.org/
Ein paraplyorganisasjon for profesjonsforbund som representerer ulike område innan tadisjonell kinesisk medisin (TCM) med hovudmålsetting om å fremje aksepten av TCM hjå europeiske styresmakter og folk flest.
ETCMA utveklsar erfaringar av felles interesse, slik som lovreguleringar av terapiformer og utvikling av utdanningsprogram innan TCM. NNH sine fagretningslinjer for akupunkturutdanning er eit viktig bidrag i så måte. No også omsett til engelsk av Jaigi Enar Tidemand.

------------

RIEN - Reflexology in Europe Network
Hovudmålet er utvikling av utdanningstandardar innan soneterapi/refleksologi, stimulera til forsking og påverka styresmakter i dei europeiske landa slik at soneterapi/refleksologi blir ein akseptert terapiform i framtida . Frå NNH er det deltakarar frå våre faggrupper innan soneterapi og refleksologi som deltek på dei årlege møtene.

Kontaktpersonar NNH:
Arve Fahlvik arve@fahlvik.org

------------

NRN - Nordic Reflexology Network
Arbeider mot same mål som RIEN, men innanfor eit nordisk perspektiv.

Kontaktpersonar NNH:
Anne-Mette Eriksen Hjemaas ameriksen@h-nett.no

------------

ANDRE ORGANISASJONAR

Freie Heilpraktiker
http://www.freieheilpraktiker.com
Ettersom Tyskland gjennom heilpraktikarlovgjevinga har lengst erfaring i Europa med offentleg regulering av naturterapi, har det vore naturleg for NNH å ha kontakt med eit av dei større forbunda som organiserar denne yrkesgruppa.


Fritt Helsevalg
http://www.fritthelsevalg.org/
Saksa frå websida: Fritt Helsevalg (FHV) er en ideell og uavhengig forbrukerorganisasjon som arbeider for å sikre deg som forbruker et bredt tilbud av behandlingsformer. Vi setter samarbeid og dialog høyt og ønsker at skolemedisinere og alternativmedisinere skal møtes på en helhetlig plattform, der mennesket settes i sentrum.
NNH har ved fleire høve gjeve økonomisk støtte til det arbeidet som Fritt Helsevalg driv både nasjonalt og internasjonalt.


SABORG
http://www.saborg.no/
Saksa frå web-sida: SABORG er en sammenslutning av alternative behandlerorganisasjoner som jobber for å utvikle området alternativ behandling. Dette gjøres først og fremst ved å fokusere på organisasjonsutvikling, standardisering, faglig utvikling og utdanning. SABORG jobber i samarbeid med helsemyndighetene.
SABORG ble stiftet 3. november 2003 på initiativ fra helsemyndighetene. Formålet med organisasjonen er å utvikle området alternativ behandling, samtidig som noe av hensikten bak organisasjonen er at helsemyndighetene skal ha muligheten til å kommunisere med det alternative miljøet gjennom ett felles organ.

Kontaktpersonar NNH:
John Petter Lindeland john.petter@notteroynaturmedisinske.no
Sigrun Kirkeberg sk@nnh.no


LNS - Landsorganisationen NaturSundhedsrådet
http://lnsnatur.dk/
NNHs danske søsterorganisasjon i NSK


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers