Skal vi naturterapeutar heia på Joralf Gjerstad? | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

04.05.2016
Skal vi naturterapeutar heia på Joralf Gjerstad?


Joralf Gjerstad, betre kjent som Snåsamannen, har fått mykje mediemerksemd dei siste åra. Det siste er dokumentarfilmen «Mannen fra Snåsa» av Margreth Olin. Reaksjonane på denne merksemda svingar frå latterleggjering til beundring.


Av
John Petter Lindeland
leiar NNH
 
For dei som har møtt han og fått hjelp, er han vendepunktet i livet – eller i alle fall eit kjærleiksfullt møte som har gjort at dei kan gå vidare i livet, med eller utan smerte og liding. For fleirtalet, er han kanskje eit fenomen som ein kan sortera inn under klisjeen «det finnes meir mellom himmel og jord» - i tydinga av at det ein pr. i dag ikkje har god nok vitskapleg forklaring på - skal ein ikkje forkasta, men ha ei open haldning til. Og Joralf Gjerstad er ikkje eineståande i så måte. For min eigen del minnest eg godt Vistamannen på Jæren som kurerte årebetennelsen til bestemor og gav tips om kor sylvskeiene hadde «gøymt» seg – og Marcello Haugen som det gjekk gjetord om. I Nord-Noreg og i Finnmark var det ikkje uvanleg ved sjukdom at dei ringa både distriktslegen og «mannen» eller «kona» – samstundes.
 
Generalisering
Sidan Joralf Gjerstad ikkje er lege eller innehar nokon autorisert tittel innan helsevesenet, blir han sjølvsagt plassert i den store terapeutsekken alternativ behandling. Kritikarane av både han si verksemd og naturmedisin/alternativ behandling, yndar å generalisera og gjera sekken så stor at den inneheld alt frå sjølvstuderte terapeutar med spesielle nådegåver til terapeutar med mange års utdanning. Skjer det noko med ein av desse i sekken som kan skapa merksemd blant media eller kritikarar, blir alle vurdert som om dei er ein homogen masse. For dei av kritikarane som har bestemt seg kva som er rett forsking og metode når det gjeld vår medisinske tradisjon, er det sjølvsagt nyttelaust og koma med argument eller oppmoding om nyansering. Eg skal difor ikkje bruka tid på å tilfredsstilla denne grupperinga.
 
Nådegåve
Hovudagendaen min er å stilla spørsmål og å skapa eit medvit omkring vårt «slektskap» med Joralf Gjerstad, og å setja dette inne i eit fagpolitisk reguleringsperspektiv.
 
Det er ingen tvil om alle terapeutar – også leger og anna helsepersonell – er i «slekt» med Gjerstad i tydinga av at me på ein eller annan måte ynskjer å stimulera dei sjølvhelande kreftene i organismen. Eller at me har ein god intensjon om å gjera det, men med ulike terapeutiske verktøy.
 
Joralf Gjerstad er ærleg når det gjeld sitt «verktøy»: dette er ein nådegåve som er gjeve han av Gud, og som han ynskjer å bruka til beste for sine medmenneske. Han definerer ikkje si verksemd som eit yrke, med den konsekvensen at han ikkje tek betaling (men innrømmer å ha fått gåver av fleire). Han uttrykkjer stor respekt for moderne medisin, og med eit medvit om eigne grenser for behandling og prognose. Han har heller ikkje noko særleg tiltru til sine «nådegåve- kollegaer» - noko han har åtvara mot i fleire intervju. Filmen viser også eit menneske med sterke empatiske eigenskapar, men samstundes også ein uskolert aktør som ville ha mykje att for eit kurs i kommunikasjons- og relasjonslære. Forsøka på «diagnostisering» er heller ikkje alltid like truverdig og konsistent. 
 
På slutten av filmen er det intervju med «pasientane». Og evalueringa viser noko som er ganske vanleg innan medisinsk terapeutikk – det vere seg lege eller naturterapeut: nokre blir kvitt plagene sine raskt og effektivt, andre får ei klar betring og må kanskje ha repeterande behandling med jamne mellomrom, atter andre kan ein berre trøysta og nokre få må ein seia nei til av ulike årsaker. Altså ikkje noko nytt under sola, sjølv om det handlar om Snåsamannen aldri så mykje. 
 
Fagpolitisk reguleringsperspektiv
NNH gjorde på landsmøtet i 2012 vedtak om høve til å tilby godkjenning i terapeutisk healing. Erkjenninga av at det er mange måtar å stimulera dei sjølvhelande kreftene i organismen på – også healing – var bakgrunnen for vedtaket. Fagkravet var på lik linje med dei andre profesjonsutdanningane organisasjonen godkjenner: eit spesifikt omfang timar i terapifaget, grunnmedisin, VEKS-fag og naturmedisinsk grunnutdanning. Dette var eit vedtak som byggjer opp under NNH sin prinsipielle haldning: organisasjonen organiserer terapeutar med godkjent fagutdanning – som også inneber generell terapeutkompetanse der pasienttryggleiken har sterkt fokus. http://nnh.no/article.aspx?mainid=6&id=915&nbs...
 
Dessverre ser ein i dag at forskriftene i Registeret for utøvarar av alternativ behandling ikkje støttar opp under denne prinsipielle haldninga. Det er nærast fritt fram for når det gjeld å blir registrert behandlar i nemnde register, som også gjev fritak for meirverdiavgift. Skulle ein overføra denne politikken til offentlege godkjende helseprofesjonar, kunne ein til dømes stilla kandidatar overfor valet mellom å ta sjukepleiarutdanninga på eitt eller tre år (som er standard i dag). Dei fleste hadde kanskje valt den enklaste løysinga, om den gav same tittel, løn og mindre studielån. Ein slik tilstand bryt med det som blir oppfatta som vanleg standard innan arbeids/samfunnsliv: ulike rettar/privilegium – løn, tittel osb. – blir tildelt dei som kan visa til eller dokumentera ein forventa innsats i form av utdanning, arbeidstid osb.
 
Seriøse organisasjonar/terapeutar får inga «drahjelp» med omsyn til profesjonalisering frå styresmaktene. Reguleringsregimet svekkjar motivasjonen til å ta lengre utdanningar, når ein veit at terapeutar med nokre weekend-kurs får dei same rettane: mva-fritak og offentleg tittel Registert terapeut. Offentleg «subsidiering» av uforsvarleg kunnskapsnivå er ingen tent med – og er ein fare for pasienttryggleiken.
 
Vitskap
Når det gjeld den vitskaplege kritikken av verksemda til Joralf Gjerstad, kan det i denne samanhengen vera god investering og ta fram artiklar som både professorane Tor-Johan Ekeland og Linn Getz m.fl. har vore med og ført i pennen. Artikkelen Helbredende nytenking som stod i Aftenposten 22. mars 2009 byrjar slik: «Stimulert av Snåsamannen og 'helbredende krefter' advarer helsepersonell og forskere mot skadelig overtro. Men slik blir vi ikke klokere». Vidare: «Nyeste kunnskap fra fagfeltet psyko-nevro-endokrino-immunologi gir grunn til å anta at det ikke er et spørsmål om healing kan skje, men snarere under hvilke forutsetninger og hvor dyptvirkende». Sluttsitat: «Vi lever i en dobbelthet; vi er materie, men også en materie som er ånd i den forstand at den skaper mening og betydning som den veves inn i. Å løsrive disse to dimensjonene fra hverandre er en kardinalfeil som har fått skjebnesvangre konsekvenser for biomedisinens forståelse av mennesket».
http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/Helbr...
 
Det er såleis synd at Bård Larsen, historikar og prosjektleiar i Civita, etter alle døme ikkje har fått med seg innhaldet i nemnde artikkel. Han kunne då ha korta ned på oppramsinga av ulike namn innan vitskapshistoria og sausa dette i hop med anekdotar om kor ille «alternativindustrien » er (kva nå enn som liggja i dette omgrepet når ein veit at inntekta hjå alternative terapeutar ligg godt under gjennomsnittet) i artikkelen sin Komplottet mot Snåsamannen – og kanskje interessert seg litt for kva vitskapen finn av interessant kunnskap om ulike måtar å stimulera/påverka ein organisme på – både positivt og negativt. http://www.civita.no/2016/01/20/komplottet-mot-sna...
 
I tillegg kunne han ha lese Linn Getz sin artikkel Menneskets biologi – mettet med erfaring. http://tidsskriftet.no/article/2090676
 
Den svart-kvite retorikken har god vilkår i media, men om han gjer oss klokare – er eit legitimt spørsmål.
 
Skal vi heia?
Tilbake til den litt retoriske tittelen: skal me naturterapeutar heia på Joralf Gjerstad?
 
Eg meiner me skal heia på Gjerstad si ærlege framtoning og at han ikkje definerer gjerninga si som eit yrke – og tek heller ikkje betaling for slikt. Han viser også respekt for fagutdanningar, som eg meiner skal liggja til grunn for om ein definerer verksemda si som eit yrke – og kan ta betaling for slike tenester. Når det gjeld helsetenester innan naturmedisin/alternativ behandling, bør dette liggja på eit nivå på lik linje med andre helseprofesjonar som har sjølvstendig behandlaransvar. Terapeutar som ikkje ynskjer å etterleva slike krav, fell utanfor ei slik ordning og kan driva si verksemd etter dei føringane som ligg nedfelt i Lov om alternativ behandling – likevel utan mva-fritak. Fornuftige offentlege fagkrav til nemnde register ville vore ei god byrjing på ein slik profesjonaliseringsstrategi innan alternativ behandling.


Vedlegg:
NT 01 2016 - Skal vi naturterapeuter heia på Joralf Gjerstad?


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers