Saborg Utdanningsseminar 2008 | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 1 - Studietilbud/Utdanning

 2 - Utdanningsdokument

 Brev utdanningsdep. 2004

 Etiske kjøreregler for skoler

 Fagskole

 Høgskole

 Konsensus om utdanning

 Modell utdanningsprofil

 NOKUT info

 Ord og begreper

 Retningslinjer fagskole

 Skoleseminar 2005

 Skoleseminar 2006

 Skoleseminar 2007

 Skoleseminar 2008

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

14.12.2008
Saborg Utdanningsseminar 2008


Saborg samla i oktober utdanningsinstitusjonar og organisasjonar til seminar, med fokus på VEKS-faga sin plass i utdanninga innan alternativ behandling.


Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon har i fleire år arrangert skuleseminar for å setja fokus på kvalitetssikring innan utdanningsfeltet. I år har Saborg (Sammenslutning av alternative behandlerorganisasjoner) teke opp stafettpinnen, og den 23. oktober var store delar av bransjen, både utdanningsinstitusjonar og organisasjonar, samla for spesielt å fokusera på informasjon og debatt omkring VEKS-faga (vitskap, etikk, kommunikasjon og samfunn) sin plass i utdanninga innan alternativ behandling.

Lege og gestaltterapeut, Dan Van Baalen frå Norsk Gestalt Institutt, delte sine erfaringar i samband med deira søknad om godkjenning av ei utdanning i gestaltterapi på 120 studiepoeng innanfor høgskulesystemet. Dei hadde stort sett bare gode erfaringar i sitt møte med det offentlige akkrediteringsorganet NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga). Resultatet av arbeidet er eit betre studie og auka aksept i samfunnet for dei som tek ei slik utdanning.

Berit K. Haugdal frå NOKUT tok for seg kriterier for høgskuleutdanning. Ho holdt eit inspirerande foredrag om eit tema som mange nok vil oppleva som både kjedeleg og byråkratisk. Ho kom med mange gode råd for dei som vil innleda ein slik prosess, men også åtvaringar om å vera realistisk i forhold til dei ressursane det einskilde faget og undervisningsinstitusjonen rår over.

Ole Bernt Thorvaldsen frå NOKUT presenterte ny kriterium for godkjenning av fagskuler. Det nye i denne lova og i forslaga til forskrifter er krav om godkjent kvalitetssikringssystem og høve for tilbydarar til å søkja om fullmakt til oppretting av utdanningstilbud innanfor avgrensa fagområde.
Dorte Lybye Norenberg frå Høgskolen i Oslo fortalde om kvifor VEKS-fag er viktige element i alle helsefagutdanningar. Etiske problemstillingar er noko ein terapeut vil stå overfor kvar dag i sin praksis. Mange av desse problemstillingane er nedfelt i lovverket, medan andre vil vera av meir generell moralsk karakter. Å bli medvitne desse, vil hjelpa den einskilde til å ta dei valga som er til beste for pasienten og seg sjølv.

Referat frå seminaret kjem seinare. Viser også i denne samanhengen til referata frå NNH sine skuleseminar under Utdanning.

John Petter Lindeland
Leiar NNH
john.petter.lindeland@notteroynaturmedisinske.no


Last ned seminarpresentasjonene i vedlegget under.


Vedlegg:
Saborg Utdanningsseminar 2008


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers