Referat skuleseminar 9. februar 2006 | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 

 
Nyheter

 
Aktuelt i media

 
Utdanning

 1 - Studietilbud/Utdanning

 2 - Utdanningsdokument

 Brev utdanningsdep. 2004

 Etiske kjøreregler for skoler

 Fagskole

 Høgskole

 Konsensus om utdanning

 Modell utdanningsprofil

 NOKUT info

 Ord og begreper

 Retningslinjer fagskole

 Skoleseminar 2005

 Skoleseminar 2006

 Skoleseminar 2007

 Skoleseminar 2008

 
Kurs og møter

 
Internasjonalt

 
Etisk råd

 
Høringer

 
Pressemeldinger

 
Forskning

 
Medlemssider

 
Nyhetsbrev


 

25.10.2008
Referat skuleseminar 9. februar 2006

Vedlagt fylgjer eit referat frå NNH sitt skuleseminar med fragmenterte oppteikningar av hovudinnhaldet i dei foredraga som blei haldne. Dei tilbakemeldingane me har fått frå deltakarar, er at seminaret var lærerrikt og gav motivasjon til å arbeida vidare med dei føringane som ligg nedfelt i NNH sitt Utdanningsdokument og kvalitetssikringsprogram.


John Petter Lindeland:
IVERKSETJING OG FORMALISERING AV FAGKRAV I NNH SITT UTDANNINGSDOKUMENT
Alle undervisningsinstitusjonar som i dag har godkjende studieplanar i NNH, har innbakt (i større eller mindre grad) mange av dei emna som er framført under Generelle fag og Naturmedisinske grunnfag i Utdanningsdokumentet. Organisasjonen ynskjer nå å formalisera desse fagkrava og synleggjera dei i studieplanar slik at det blir ei meir einsarta undervisning ved dei ulike skulene. Generelle fag, naturmedisinske grunnfag og naturvitenskaplege fag skal med tida utgjera den allmenndannande naturmedisinske utdanninga uansett kva terapifag studenten seinare vel.

Argument for ei naturmedisinsk allmenndannande utdanning:
· Skapa ein felles identitet/eigenart
· Skapa grunnlag for betre kommunikasjon
· Skapa grunnlag for danning av eit kunnskapsfundament som gjer det lettare å tileigna seg meir spesialiserte fag eller emne
· Skapa grunnlag for å vurdera eller gjera seg bruk av ulike fokus ved både diagnose og behandlingsstrategi
· Utvikla ei kritisk tenking til seg sjølv, sitt eige fag, etablerte sanningar og nyare forsking/kunnskap
· Utvikla eige språk/terminologi
· Læra om styrke og avgrensingar ved ulike terapiformer
· Læra om eige avgrensing
· Utdanna terapeutar med ein høg etisk og fagleg standard

Foredragshaldar orienterte også om dei endringane/tilføyingar som blir gjort i Utdanningsdokumentet. Det vil også bli utarbeida ein mal for oppbygging av ein studieplan.


Ian Thompson:
MINE ERFARINGAR VED SØKNAD OM FAGSKOLEUTDANNING
(Sjå artikkel i Naturterapeuten nr. 1/2006)

David Brierley:
STEINERHØGSKOLENS VEI TIL HØGSKOLESTATUS
Steinerhøgskulen har pr. i dag fått godkjent to bachelorgradar (vanleg lærarutdanning og barnehagelærar) og to mastergradsstudium (klasserombasert pedagogikk og naturbruk i pedagogikken).
Brierley la stor vekt på det arbeidet som dei hadde gjort når det gjaldt utvikling og bevisstgjering av omgrepet eigenart/identitet. Dei hadde brukt 5 år på denne prosessen - kven er vi - kva er vår eigenart? Årsaka til at dette arbeidet blei prioritert, var vissa om at dei i laupet av godkjenningsprosessen mot høgskulestatus måtte inngå ein del kompromiss.
Utan å ha definert sin eigenart/identitet, blir det vanskeleg i ein slik prosess å vita når ein kan inngå kompromiss (utan å vraka eigenarten) og når ein skal setja foten ned og seia nei.
For nokre år sidan var det lettare å forhandla med styringsverket; nå er mykje av krava styrt utanfrå. Han nemnde spesielt Bologna-prosessen (utvikling av europeiske utdanningsstandardar) som har resultert i eit rigid regelverk.
Dei måtte i denne prosessen også spørja seg sjølv: kva er ein lærar, kva oppgåver blir vedkomande ført inn i, og kva er då ein god lærar? Kva er vaksenpedagogikk - og kva metode skal vi velja som reflekterar vår eigenart? I dag er det slik at studentane kjem med ulike forventningar. Nokre har eit driv etter kunnskap, medan andre vil at studiet skal vera
ein personleg utviklingsveg både som menneske og fagperson (i dag er dette den viktigaste drivkrafta). I dette feltet ligg også at pedagogikken må skapa grobotn for utvikling av ein sunn dømmekraft, som både spring ut av forståing (tanke), kjensle (estetisk dømmekraft) og vilje (moralsk dømmekraft).
Det er viktig å ha for seg at i dag er det ein sterk kamp mellom dei som einsidig vil akademisera studium inn i standardiserte former og dei som legg vekt på å utvikla eigenskapar og evner som gjer fagpersonen skikka til å fylla den rolla som profesjonen krev.
Det er ikkje nok for ein lege/terapeut å bare vera sterk i teoretisk kunnskap. Det må også utviklast evner og dugleik i mange andre område som omhandlar terapeut/pasient-forholdet.
Til dette er det viktig å utvikla pedagogiske metodar som kan møta dette behovet.

Brierly kom også inn på forsking, sidan dette er eit viktig element når det gjeld mastergradstudium. Han fortalde at dei nå held på med å utarbeida ein eigen forskingsstrategi som er knytta opp mot den eigenarten steinerpedagogikken representerar.
Utgangspunktet er at alle er forskarar, kvar på sin måte. Det gjeld å utarbeida system/strategiar som kan fanga opp denne forskinga eller observasjonane som kjem «nedanfrå». Forskinga har ein tendens til å bli styrt «ovanfrå». Det må tilstrebast ein balanse mellom desse to nivåa.
Han fortalde at dei også held på med å byggja opp eit nettverk av det han kalla likesinna i både inn-og utland. Føremålet er å få ein oversikt av grupperingar som har like målsetjingar, og som dermed kan støtta kvarandre i arbeidet med å få større gjennomslagskraft for sin eigenart innan ulike felt.


Terje Varpe:
NATURMEDISINSKE GRUNNFAG - IDENTITET, UTDANNINGSPROFILER OG PRAKTIS NYTTEVERDI
Kan man kalle seg naturterapeut når en kun har kvalifikasjoner til å utfører en bestemt naturmedisinsk metode, var spørsmålet Terje Varpe stilte i byrjinga av sitt innlegg. Svaret han gav var eit eintydig nei. Ein er fyrst naturterapeut når ein i tillegg til utdanning i naturmedisinske terapifag, også har innsikt i grunnleggjande naturterapeutiske forståingsmodellar innan ulike kunnskapstradisjonar, grunnmedisinske fag, kjennskap til andre terapiformer og kunnskap om etiske problemstillingar i terapeut/pasient-forhold.
Denne utdanningsprofilen er skissert i NNH sitt Utdanningdokument og
kvalitetssikringsprogram. Han eksemplifiserte denne profilen ved å stilla spørsmål om: 5-elementloven og organuret bare har med akupunktur å gjera? Har Organon bare med homøopati å gjera? Har ryggradens nervesystem bare med kiropraktikk å gjera? Har Enderleins teorier bare med Sanum-terapi å gjera? Har ECIWO bare med soneterapi å gjera? Kan homotoxinlæra bare brukast når ein nytter seg av Reckewegs midler?
Elementar av desse teoriane/forståingsmodellane kan nyttast og blir nytta innan dei fleste terapiformer i dag - i meir eller mindre samanhengande utdanningsprofilar. Han la ned ein påstand om at jo breiare teorigrunnlag, jo betre evne til å gjera ein god jobb som terapeut.
Dette kan også ha konsekvensar for utdanningslengda innan dei spesialiserte
naturmedisinske terapifaga. Jo breiare grunnutdanning, jo kortare spesialiseringstid i dei einskilde terapifaga og ei enklare tileigning av mindre omfattande metodar/teknikkar - betre oversikt over andre terapiformer og dermed lettare med henvisning til andre behandlingsformer.
Nytteverdien av ei brei grunnutdanning med omsyn til organisasjonsarbeid: enklare administrasjon av medlemssøknader; spesielt ved Tilleggsgodkjenning - enklare kommunikasjon med styringsverket.


Marit Kristensen:
NATURTERAPEUTENES FAGLIGE MANGFOLD - SOSIALE FERDIGHETER I SENTRUM?
Marit Kristensens fortalte at det tok rundt 20 år for tannpleierne å komme dit de ønsket. Fra høsten 2003 har tannpleierne et 3-årig studieprogram bachelor i tannpleie. Det første kull av tannpleiere ble utdannet i Oslo i 1925. Siden da har forebyggende tannhelsearbeid fått større og større fokus. Prosessen har vært lang, men det nytter å stå på.
Mange av kravene som stilles for å bli definert som helsepersonell vil også bli stillet naturterapeutene, eksempelvis utdanningens innhold, eksamen, yrkesrollens innhold og internasjonale forhold. For å få respekt for faget naturterapi må naturterapeutenes kompetanse være uklanderlig. Skepsisen til naturterapeutenes kompetanse finnes hos helsemyndighetene, skolemedisinen og blandt publikum. Øket respekt for faget må skje gjennom utdanningens innhold.
Mål med utdanningen må defineres. Om man ønsker en lovbeskyttet tittel eller status, så må det sørges for at innhold i utdanningen ikke sperrer for videre diskusjon om dette. Det er en fordel med en beskyttet status/tittel. I tillegg til at pasienten/kunden kan forsikre seg om at
kvaliteten på ytelsen som gis holder mål og at pasientens sikkerhet er ivaretatt er det et kvalitetsstempel på en yrkesgruppe som nedfelles i lov. Det er derfor viktig å tenke strategisk i forhold til utdanningens innhold. Selv om det er mange greiner innen alternativ behandling så bør det være en felles grunnleggende basisutdanning som man bygger videre
på med et faginnhold i den/de terapiformer som velges som spesialområde. Videre bør innholdet i utdanningene være tilnærmet lik for alle skolene.
Utøvernes egnethet er viktig. Nøkkelord her er rusmisbruk, mangel på faglig innsikt og en atferd som er uforenlig med yrket. Dette må skolene ivareta. Derfor må også kompetansen til de som underviser være optimal. Dette må bransjen gripe fatt i og få til yrkesutdanning for lærerne.

Studieplaner/fagplaner skal og må fokusere på sosiale ferdigheter hos utøverne. Kompetanse inneholder følgende elementer:
· Kunnskaper: faktaopplysninger, systematisering, analyse etc.
· Ferdigheter: teknisk/operativ, kognitiv eller sosial art
· Holdninger: verdier eller innstillinger som styrer min forståelse
· Innsikt: forståelse som oppnås gjennom innlevelse
· Bruk av andres kompetanse: f.eks. veiledning og nettverk for å øke egen kompetanse

I NNHs Utdanningsdokument ligger noen viktige fagområder innen sosiale ferdigheter:
· Etikk: prinsipper, holdninger, verdier, menneskesyn og normer til bruk i våre handlinger i nærkontakt med mennesker, videre refleksjoner over egne holdninger og væremåter i møte med andre mennesker med ulik kultur, livsførsel og evnenivå.
· Taushetsplikt: tie om bestemte forhold og hindre at uvedkommende får innsyn. Bestemmelsene om taushetsplikt i Helsepersonelloven gjelder også alternative behandlere.
· Kommunikasjon handler om å snakke sammen og sørge for at informasjon som gis blir oppfattet av mottakeren, samt terapeutens evne til å lytte.

Kjerneområdet er å utvikle en helhetlig kompetanse som innehar helhetstenkning overfor pasient/kunde. En av bærebjelkene her er og blir sosial kompetanse og sosiale ferdigheter.
Halvparten av klagene på helsepersonell som fremmes overfor Helsetilsynet bunner i dårlig kommunikasjon!

Et menneskebehandlene yrke under utvikling vil gå med ryggen inn i fremtiden om det unnlater å implementere psykologiske og sosiale atferdsfag i sine utdanninger.
Stå på videre i det målet dere har satt dere!

Gruppearbeid:
Deltakarane blei inndelt i fem grupper. Dei blei beden om å svara/kommentera sju vedlagde spørsmål:
1. Kva er utfordringa ved gjennomføring av meir formaliserte utdanningsbolkar i Generelle fag og Naturmedisinsk grunnfag?
2. Hvilken nytte ser du/dere av slike fagemner?
3. Er det nokon av fagemna du/de vil sløyfa eller leggja til? (Jfr. NNH sitt Utdanningsdokument.)
4. I NNHs Utdanningsdokument om Studielengde, er det foreslått et minimum rammetall for forelesingstimer; henholdsvis 50 for generelle fag og 110 for naturmedisinske grunnfag. Er dette for mye eller for lite - og hva er i tilfelle det ideelle?
5. Er det grunnlag for samarbeid mellom skuler i desse faga - og andre fag?
6. Hva mener du/dere ligger i begrepene kursbedrift og skole?
7. Kva fag eller fagområde kan det vera aktuelt for skulane å søkja om godkjenning etter lov om fagskuler eller lov om høgskuler?

Ettersom ikkje alle gruppene leverte fullstendige notat, nemner vi bare her i generelle vendingar det inntrykket ein fekk under vitjing i kvar gruppe.
Haldningane til å skapa ein brei utdanningsprofil var udelt positiv. NNH bør framskunda arbeidet med å skissera pensumlitteratur, dels ved evnt. å laga eigne hefter, eller å skaffa ein oversikt over det som allereie er i marknaden. Fleire ynskja meir einsarta krav i desse faga.
Det blei også uttrykt behov for eit skuleseminar der NNH legg fram forslag til pensumkrav og at ein der og då blir samde om eit felles opplegg for alle skuler. Skuler som ikkje har kapasitet til å gjennomføra ei slik undervisning, kan innleia samarbeid med andre.


Vedlegg:
Referat skuleseminar 9. februar 2006


 
OPPDATERT 18.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers